Denne nettstaden er laga som ei semesteroppgåve ved IT-20 på Høgskulen i Volda. Produsenten av nettstaden er 20 år, student ved denne linja og heiter Lars Helge Hopland.

Nettstaden handlar om programmet Word, og tek for seg korleis ein kan bruke dette programmet til meir enn grunnleggjande tekstbehandling. Målet er at du som vil lære meir om dette, utfører det same som er gjort i døma, og også tør å prøve deg litt fram etter kvart.

Under produksjon av nettstaden har programma Microsoft FrontPage, Microsoft Word, Paint Shop Pro, Flash, DreamWeaver og gode gamle Notepad vore brukt. Det meste av grafikken er produsert med Word, sidan det er dette programmet nettstaden handlar om. Det har også vore nytta utklipp frå Microsofts ClipArt-galleri.

Elles skal det ikkje vere nokre problematiske opphavsrettar, men viss du ynskjer å kopiere noko frå sida kan du godt spørje underteikna på førehand, gjerne via e-mail.

Målgruppa for nettstaden er folk som vil lære korleis ein kan bruke Word til meir enn bare tekstbehandling. Eg har brukt mange illustrasjonar for enkelt å forklare kva som er gjort. Eit bilete fortel som kjent meir enn tusen ord.

Vonar du veit litt meir om moglegheitene i Word når du er ferdig.