Her er eksamensoppgaven som var knyttet til Fløgstad sin tekst:
"Ikkje Amerika, men Amerika" av Kjartan Fløgstad. Fra Aftenposten 30. aug. 2000

Høsten 2000 ble det lansert et forslag i Oslo kommune om fritak for skriftlig sidemålsopplæring for elever i videregående skole, som en treårig prøveordning. Forslaget førte til en omfattende mediedebatt, og den vedlagte teksten er en av meningsytringene.

Gjør greie for hovedsynet i artikkelen. Pek på noen av virkemidlene forfatteren bruker, og vis den funksjonen de kan ha. Skriv til slutt din egen kommentar. Begrunn synspunktene dine.

IKKJE AMERIKA, MEN AMERIKA

Tilbakemeldingar frå ulike delar av utdanningssystemet tyder på at elevane ved Oslo-skulane ikkje har gode nok kunnskaper om Amerika. Etter vår meining er det naudsynt at elevane får meir tid til å arbeide med hovud-Amerika i nord, utan å måtta bruka mykje verdifull tid på det sørlege subkontinentet. I det heile kan det reisast tvil om Sør-Amerika er eit eige kontinent, og ikkje berre eit vedheng til hovudkontinentet i nord.

Dagens ordning med obligatorisk opplæring i begge dei amerikanske verdensdelane gjer at ein betydeleg del av tidsbruken i geografifaget går med til å arbeida med mindre vesentlege detaljar får den sør-amerikanske delen av Amerika.

For ekte Oslo-ungdom er det såleis ei uoverkommeleg oppgåve å skilja mellom småstatane i Mellom-Amerika. Det er å kasta bort verdifull tid å undervisa i dei ubetydelege skilnadene mellom Paraguay og Uruguay. Undersøkingar tyder på at blant eit fleirtal av elevane i Oslo-skulen er det revnande likegyldig om Honduras er hovudstaden i Tegucigalpa, eller omvendt.

I dag blir latinamerikanarar ofte omtala som "degos" eller "svartingar" . Alle som elskar latinamerikansk litteratur og samfunnsliv, vil unna verdsdelen ein betre lagnad. Det oppnår ein ved å byggja opp glede over kontinentet, ikkje gjennom tvang.

Medan Nord-Amerika er eit grunnfesta vestleg demokrati, har det herska diktatoriske tilstandar over store delar av Sør-Amerika. Her er det nok å nemna Cuba, som kan gi Oslo-ungdom udemokratiske politiske ideal, dersom dei skulle få for mykje kunnskap om dei verkelege tilhøva på øya. Ein legg til grunn at svært få Oslo-ungdommar vil få praktisk nytte av Sør-Amerika i sin vidare yrkeskarriere. For Oslo kommune ville ei forsøksordning med valfri Sør-Amerika opplæring i vidaregåande skule vera eit veleigna verkemiddel for å få større breide og fordjupning i arbeidet med den delen av Amerika som framstår som den mest nærliggjande.

Alt i dag er det slik at 90 prosent av alt som blir sagt om Amerika, handlar om Nord-Amerika. I valet mellom Amerika og Amerika tyder undersøkingar på at eit overveldande fleirtal av Oslo-elevane ville velja den nordlege delen. Dette er også den mest moderne. Det er ikkje mykje om Latin-Amerika på ein PC. Sør-Amerika er dessutan så likt Amerika at det berre skaper forvirring å læra om begge. På den andre sida vil ein understreka at Oslo kommune i utgangspunktet ikkje vil leggja vanskar i vegen dersom elevar på eiga hand prøver å skaffe seg kunnskap om Sør-Amerika.

UBETYDELEGE ØYAR
Det verste ved den obligatoriske undervisninga i Sør-Amerika er at den stel mykje dyrebar tid frå hovuddelen av kontinentet. Oslo kommune bør derfor gå inn for ei forsøksordninga der ein i ein treårsperiode stryk Sør-Amerika frå kartet og i staden konsentrerer undervisninga om Amerika.

Dersom det viser seg at prøveordninga er vellykka, ser ein for seg at forsøket vil kunna utvidast til å gjelda dei mest forvirrande kyststrekningane på Vestlandet og i Nord-Norge, og einskilde særleg ubetydelege øyar i ytre Oslofjord. Det er ein føresetnad at ein skaffar nytt undervisningsmateriell som samsvarar med retningslinjene i forsøksordninga. Her kan ein også sjå for seg ei verdifull forenkling av historiefaget.

For elevane vil det by på klåre pedagogiske fordelar, medan det for fleirtalet i byrådet bør vera ein tiltalande tanke at den nåverande svært uryddige og mangfaldige sør-amerikanske verdsdelen frå nå av kan erstattast med eit einsfarga hav av blått i blått i atlas og globusar til bruk i Oslo-skulen.
Kjartan Fløgstad

(Fløgstad har gitt Globalskolen lov til å bruke denne teksten.)