Før du startar på oppgåva:
Tentamen skal avviklast i tidsrommet tysdag 21. mai til torsdag
23. mai. Leveringsfristen din er torsdag 23. mai kl. 22.00. (Her tek
du omsyn til det klokka viser der du bur.)
Det første du gjer, er å leggje inn ei melding på
samarbeidsforumet der du varslar at du er klar til å starte opp.
Hugs å lese e-posten og samarbeidsforumet fleire gonger kvar dag!
All kommunikasjon med samarbeidspartnaren din bør skje på forumet
som er sett opp. Nokre av dykk må ta omsyn til tidsforskjellar.
Skriv til kvarandre om dette.
På denne tentamenen skal du arbeide
prosessorientert saman med ein annan elev. Grupper har Arne sett
opp. Du finn samarbeidsforumet ditt på firstclasskrivebordet.
På tentamen kan du bruke alle hjelpemiddel, men det er du sjølv
som skal skrive oppgåva. Når du har levert den endelege
teksten, lagar du eit innlegg der du oppgir alle kjeldene du har
nytta.
Per eller Arne kjem til å gje lærarrespons. Sidan vi har
kort tid på denne skriveprosessen, kan det hende du får lærarrespons
før medeleven har lagt ut sine tilbakemeldingar til deg.
Hugs at du i store deler av tida kan nå Arne på
Praterommet. Ser du ikkje namnet hans der, kan du sende
ein e-post og kome med framlegg om trefftidspunkt.
Tilrådd framdrift:
Tirsdag 21. mai |
-
Idémyldring på forumet
-
Gjere ferdig førsteutkast
-
Skriv sjølvrespons på førsteutkastet
-
Gje respons på førsteutkast til medelev
|
Onsdag 22. mai |
-
Skrive vurdering av respons
-
Forfatte andreutkast
-
Skrive sjølvrespons på andreutkastet
-
Gje respons på andreutkastet til medelev
|
Torsdag 23. mai |
-
Skrive vurdering av respons på andreutkastet
-
Gjere ferdig endeleg tekst
-
Legge sisteutkastet inn på forumet
|
Ordliste på nettet finn du
her. Viss du lurer på noko, kan du ta kontakt med Arne. |
Du skal skrive éi av oppgåvene nedanfor.
Oppgåve 1:
Reklame retta mot barn og unge
Reklame
kan vere heilt nødvendig dersom eit firma skal få selt ei vare. Utan god
marknadsføring kan ei bedrift raskt måtte leggje ned verksemda. Reklame
bør ikkje vere
nokon samfunnsfiende, vil somme meine.
Men reklame kan også
lure barn. --Auka bruk av reklame og sponsorar kan i verste fall
true skolen si frie og uavhengige rolle og skape ulikskapar i
skoletilbodet i og mellom kommunane. Les meir om dette
her.
Du har fått i oppgåve å halde
ein tale der temaet er reklame retta mot barn og unge. I salen har
du 99 lyttande ungdomsskoleelevar. Skriv talen.
Oppgåve 2:
Røykfrie serveringsstader?
Regjeringa foreslår eit totalforbod mot røyking
på serveringsstader.
-- Å skjerme tilsette og gjester mot passiv røyking, er den viktigaste
årsaka til
at
Regjeringa no foreslår eit totalforbod mot røyking på serveringsstader,
seier helseminister Dagfinn Høybråten.
Les meir om dette
her.
Skriv en artikkel til Globalnytt om røykfrie
serveringsstader.
Les om sjangeren artikkel på side 257 i "Språk
og sjanger".
Oppgåve 3:
Konfirmasjon
Mange vel å konfirmere seg når ein går i 9.
klasse.
"Konfirmasjonstida
skal leggje til rette for at du kan få oppleve kven Jesus er, og kva det
vil seie å vere ein kristen. Du får lære meir om Bibelen, og blir kjend med
kyrkja.
Du får også treffe menneske som kan fortelje
deg om trua si. Mange konfirmantar oppdagar i løpet av
konfirmasjonstida at det å vere ein kristen, er noko heilt anna enn dei
trudde -- og blir positivt overraska."
Les meir om konfirmasjon i Den norske kyrkja
her.
"Human-Etisk
Forbund arrangerer konfirmasjonskurs for ungdom. Kursa vert avslutta med ein
høgtidleg ungdomsfest i mai/juni. Tema på kursa er dei same over heile
landet: Livssyn/humanetikk, menneskerettar, verdsreligionane,
ungdom og jus, og ungdom og samliv. Alle kan konfirmere seg borgarleg,
også ungdom som er medlem av statskyrkja, andre kyrkjesamfunn eller
religionar."
Les meir
her.
Det finst heilt sikkert fleire
konfirmasjonstilbod rundt om i verda.
Skriv et essay der temaet er konfirmasjon.
Les om sjangeren essay på s. 100 - 118 i "Språk
og sjanger".
Oppgåve 4:
Kropp,
utsjånad og sjølvbilete
"Forholdet til kropp og utsjånad har blitt
stadig meir avgjerande for ungdom sitt syn på seg sjølv.
Krava som vert stilte, er for dei fleste
uoppnåelege, og utsjånaden er den viktigaste grunnen til at jenter
har dårlegare sjølvbilete enn gutar." (Lars Wichstrøm i ”Likestilling,
yeah, yeah, yeah” Likestillingsrådet 1995).
Skriv eit kåseri om ungdom sitt forhold til
kropp, utsjånad og sjølvbilete.
Les om sjangeren kåseri på s. 100 - 119 i
"Språk og sjanger". Det viktigaste finn du på side 119.
Oppgåve 5:
Mobbing
Mobbing kan vere mykje forskjellig. Her er
nokre døme på kva barn og unge oppfattar som mobbing:
-
Å
bli kalla med namn ein ikkje set pris på
-
Å bli erta
-
Å bli dytta og dratt
rundt omkring
-
Å bli slått
-
Å få sekken sin, eller
noko anna ein eig, kasta rundt
-
Å få spreidd vonde
rykte om seg sjølv
-
Å bli ignorert og sett
utanfor
-
Å bli tvungen til å gje
frå seg pengar eller noko anna ein eig
-
Å bli plaga på grunn
av rase eller religion
Les meir om mobbing
her.
Skriv ei forteljing der temaet er mobbing. Les om sjangeren
forteljing på s. 66 - 76 i "Språk og sjanger". |