Komma etter ei innskoten leddsetning
Kva er rett?
- Den som søv, syndar ikkje.
- Den som søv syndar ikkje.
Kva er rett?
- Avisa som låg i vindauget, var mi.
- Avisa som låg i vindauget var mi.
Kva er rett?
- Den kommaregelen eg har lært i dag, kjem eg til å få mykje glede av.
- Den kommaregelen eg har lært i dag kjem eg til å få mykje glede av.
Kva er rett?
- Skjennepreika du gav meg i dag, likte eg dårleg.
- Skjennepreika, du gav meg i dag likte eg dårleg.
Kva er rett?
- Dagen etter, då eg stod opp, var frukostbordet dekka.
- Dagen etter, då eg stod opp var frukostbordet dekka.
Kva er rett?
- Sjølv om det er varsla at skirennet kan bli avlyst, håper vi det beste.
- Sjølv om det er varsla, at skirennet kan bli avlyst håper vi det beste.
Kva er rett?
- Pakken ho leverte i går, inneheldt eit brev.
- Pakken ho leverte i går inneheldt eit brev.
Kva er rett?
- Sykkelen han brukte, velta.
- Sykkelen han brukte velta.
Kva er rett?
- Maten vi kjøpte, var bederva.
- Maten, vi kjøpte var bederva.
Kva er rett?
- Ryktet om at ho var sjuk, viste seg å ikkje stemme.
- Ryktet om at ho var sjuk viste seg å ikkje stemme.