Eit norrønt ordtak lyder slik: Maðr er manns gaman. Kva betyr det?
Menneske har glede av kvarandre.
Kvinner er til glede for mannen.
Kvinner liker ikkje menn.
Far til ein av to mest kjende diktarane våre var mellom utsendingane til riksforsamlinga i 1814, og nokre år seinare vart han sokneprest i Eidsvoll. Han var aktiv på fleire samfunnsarenaer, mellom anna som pådrivar for å få eit norsk universitet. Kva heitte han?
Nicolai Bjørnson
Nicolai Ibsen
Nicolai Wergeland
Innhaldet i dei ti bodorda, henta frå Det gamle testamentet (5. Mos 5), har mykje allmenngyldig etikk. Ateistar vil likevel avvise nokre av dei. Korleis lyder det første bodordet?
Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei.
Du skal ikkje stele.
Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
Du har sikkert høyrt at det kan regne mykje i Bergen. Men kva for ein stad i Noreg har årsnedbørsrekorden, og kor stor er den?
Matre i Hordaland i 2016: 4 835,3 millimeter
Brekke i Sogn og Fjordane i 1990: 5 546 millimeter
Flora i Sogn og Fjordane i 1989: 6 190 millimeter
For ei tid sidan kom ordet lenkjerote få plass i Nynorskordboka. Kva betyr ordet?
Det betyr at den same lenkja kan føre deg til to eller fleire ulike nettstader.
Det at ei lenkje ikkje verkar fordi målet for koplinga ikkje lenger har den oppgjevne internettadressa.
Dette er ei lurelenkje som fører deg til ei heilt anna side enn du hadde tenkt.