Ein far, ein son og eit esel

No reknar vi med at du har lese fabelen grundig. Opplesaren du høyrer nedanfor, er ikkje heilt stø. Klarer du å rette opp feila han gjer? Bruk tips-knappen dersom du treng hjelp.


Ein mann gjekk ut saman med sonen sin og kjøpte eit esel. Dei var glade og fornøgde begge to der dei gjekk og drog dyret med seg. Så kom ein ridande på hesten sin, og han ropte: – De to toskar! Tenk å gå på føtene! Minst ein av dykk kan vel på eselet! Det var sonen som svara: – Mannen har jammen rett. Set deg opp på eselet du, far. Og det gjorde faren, og så dei vidare. Etter ei stund kom ei forbi. Ho rista på hovudet og sa: – Du er ingen snill far! Der sit du og rir og let den svake, vesle sonen din gå! Faren steig ned og let sonen ri på eselet. To gamle kom forbi på vegen, og dei sa til kvarandre: – Sjå den unge, friske fyren. Han let den gamle faren sin gå der og traske! No sette faren seg opp på eselet, sonen, og då var det to på eselryggen. Snart møtte dei ei ung jente som såg faren og sonen på eselryggen: – Fy for ei skam! Tenk å late det vesle dyret bere to store, mannfolk. Dersom det hadde vore rettferd, hadde de to bore det stakkars dyret! Kva skulle dei no gjere, tru? Jau, dei surra eselføtene saman, og så stakk dei ei gjennom, løfta eselet opp og bar det. Kor lenge dei bar , og kor lang veg dei hadde å gå, er det ingen som veit, for ingen har skrive det opp og fortalt det.