Då/da eller når?

Skriv inn rett ord. (Nokre stader er to svaralternativ rette. Du skriv inn det eine av dei.) Dette er orda du kan velje mellom: Då – då – Da – da – Når – når 

1. eg skulle gjere lekser i går kveld, kom far med mat til meg.
2. Ho kjem eg ropar på henne.
3. vi skal på fjelltur, tek vi alltid med kart og kompass.
4. eg fekk tilbake prøva mi, såg eg at læraren hadde gjeve meg for mange poeng.
5. du les for meg, har eg lett for å drøyme meg bort.
6. mamma skifter dekk på bilen, og pappa vaskar doen, tenkjer eg at det meste er slik det bør vere.
7. Eg lærte å lese eg var fem år gammal.
8. Kvifor er det så vanskeleg å få deg med på tur det regnar?
9. eg fann Mons, såg eg at katten hadde ete opp maten min.
10. Han gløymde ikkje dagen han fekk hunden Bianka.