Å er infinitivsmerke og kan berre stå framfor verb i infinitiv. Og er ein konjunksjon som bind saman like ord, setningsledd eller setningar.

Eksempel:

  • Eg liker å hoppe høgde.

  • Arne og Joar spring og dansar.

Vi bruker alltid og ved uttrykk som blei/vart liggjande og le.

Eksempel:

  • Jenta blei/vart sitjande og syngje.

  • Han blei/vart ståande og tenkje.

Vi skriv alltid å i preposisjonsuttrykk som desse:

Eksempel:

  • Er du ferdig med å lese?

  • Han gjekk for å bade.

  • Eg er glad i å syngje.

Preteritumsprøva
Det er ikkje alltid lett å avgjere om det skal vere å eller og når vi har to eller fleire verb i ei setning. Prøv å gjere hovudverba om til preteritum.
  • Kan beggje (alle) verba stå i preteritum, skal det vere og mellom dei.

  • Dersom eitt av verba kan stå i preteritum, og det som kjem etter, står i infinitiv, skal det vere å mellom desse.

Eksempel:

  • Jens ville danse ... syngje for oss.

    Vi prøver å skrive verba om til preteritum:
    Jens dansa .....song for oss.
    Dette går bra. Her skal vi bruke og.

Fasit: Jens ville danse og syngje for oss.

  • Dei pleier ... vaske opp etter middagen.

Vi prøver å skrive om til preteritum:
Dei pleidde ... vaske opp etter middagen.
Berre det første verbet kan stå i preteritum. Vi bruker å framfor det andre verbet fordi det med preteritumsprøva framleis står i infinitiv.

Fasit: Dei pleier å vaske opp etter middagen.

Faste uttrykk
Vi bruker å i nokre faste uttrykk: vel å merke, så å seie, (komme) ut å køyre, sant å seie.


Øving 1 Øving 2 Øving 3 Øving 4