Punktoppstilling
<=
=>
Kva er rett?
?
Når minst eitt punkt er ei heilsetning, skal alle punkta ha stort skiljeteikn etter seg.
?
Når minst eitt punkt er ei heilsetning, kan du velje om alle punkta skal ha stort skiljeteikn etter seg.
Kva er rett?
?
Bruk ikkje skiljeteikn etter punkta i ei punktliste. Unntak er når minst eitt punkt er ei heilsetning. Då skal alle punkta ha skiljeteikn.
?
Bruk aldri skiljeteikn i ei punktliste.
Kva er rett?
?
Du kan bruke punktmarkørar du finn i tekstbehandlingsprogram. Tal og bokstavar nyttar du når punkta er rangert etter orden eller rekkefølgje.
?
Du kan bruke punktmarkørar du finn i tekstbehandlingsprogram. Tal og bokstavar nyttar du aldri som punktmarkørar.
Kva er rett?
?
Til vanleg skal det vere eitt mellomrom mellom punktmarkør og tekst. Tekstbehandlingsprogram bruker ofte større avstand.
?
Til vanleg skal det vere to mellomrom mellom punktmarkør og tekst. Tekstbehandlingsprogram bruker ofte større avstand.
Kva for eit av desse teikna er tankestrek?
?
–
?
-
Kva er rett?
?
Punkt som er på same nivå, skal ha lik venstremarg.
?
Punkt som er på same nivå, kan ha ulik venstremarg.
Kva er rett?
?
Når du i ein tekst har behov for å vise til punkt, er det mest praktisk å bruke bokstavar eller siffer som punktmarkørar.
?
Når du i ein tekst har behov for å vise til punkt, er det mest praktisk å bruke kulepunkt som punktmarkørar.
Kva er rett?
?
Når punkta i ei oppstilling sluttar med punktum eller spørjeteikn, skal du innleie kvart punkt med stor forbokstav.
?
Når punkta i ei oppstilling sluttar med punktum eller spørjeteikn, skal du innleie kvart punkt med liten forbokstav.
Kva er rett?
?
På matematikkprøven kan du bruke
– blyant
– linjal
– passar
– lommereknar
?
På matematikkprøven kan du bruke
– Blyant
– Linjal
– Passar
– Lommereknar
Kva er rett?
?
Konsekvensane av uvêret var store:
– Fleire ras stengde vegen til bygda.
– Skolebarna kunne ikkje komme til skolen sin på to veker.
– All varetransport måtte skje med helikopter.
?
Konsekvensane av uvêret var store:
– Fleire ras stengde vegen til bygda
– Skolebarna kunne ikkje komme til skolen sin på to veker
– All varetransport måtte skje med helikopter
OK