Eit bilde kan både ha eit motiv, eit tema og ein bodskap. I så fall gir det rom for tolkingar.

Bilde av ein gut som har ein hund i sekken sin. Dei er ute på skitur, og hovudet til hundet stikk opp av sekken.

Bildet su ser til høgre, tok eg på ein lengre dagstur på ski. Hunden som var med, vart etter kvart både sårbeint og sliten. Ein gut hadde god plass i sekken sin, og hunden fekk sitje der i dei lange utforkøyringane som venta på siste delen av turen.

Motiv

Det alle kan sjå, er ein gut som går på ski. I ryggsekken har han ein hund. Motivet er det vi kan sjå utan å tolke.

Tema

Eg har valt å kalle dette bildet turkameratar. Både guten og hunden hadde det bra på heile turen. Hunden kan vere menneska sin beste venn, og her viser guten at han tek godt vare på denne vennen. Temaet i bildet er det bildet eigentleg handlar om.
Det er sikkert rom for andre tolkingar enn den eg har lagt inn i bildet.

Bodskap

Her kan det også vere rom for fleire tolkingar. Éi av dei kan vere at det er viktig å ta vare på hundar når ein er ute på tur. Denne hunderasen har korte bein og går langt fleire skritt enn det dei tobeinte gjer når dei er ute på ski.

Ei anna tolking kan vere at det å gje hjelp også kan gje glede og styrke fellesskap. Kva for bodskap meiner du bildet kan formidle?

Arne Heimestøl