Segna om gjerterjenta som vart bergteken, er henta frå Ringerike. Mange trudde at det fanst huldrefolk som levde i berg under bakken. 

Ifølgje Wikipedia kunne huldra lokke mannfolk til seg, og i nokre segner gifta huldra, eit vakkert vesen med kuhale, seg inn i menneskeslekta. Huldrefolk kunne også stele barn og byte dei ut med sine eigne. Barn frå huldrefoket vart kalla bytingar.

Denne historia er frå 1720. Då segna om gjeterjenta som vart bergteken blei kjend, vart det kalla inn til domsmøte hjå fogden der lensmann Must var til stades. Protokollen frå møtet har Ringerike Museum teke vare på.

Den minste klokka i Hedalen stavkyrkjeKyrkjeklokka som vart brukt til å ringe den bergtekne jenta ut av fjellet, var den minste klokka som finst i Hedalen stavkyrkje. Folk trudde denne klokka hadde spesielle eigenskapar.

Her kjem ein kortversjon av det som vart fortalt på domsmøtet i 1720.

Gjetergjenta som vart bergteken

 

Ein dag i juli i 1720 var gjeterjenta Astrid Olsdatter Elsrud, 15 år, som vanleg ute for å gjete fe ved garden Skarrud i Vestre Ådal i Ringerike. Litt ut på ettermiddagen høyrde ho eit lydspel. Mens ho lytta til musikken, kom ein mann som hadde dei same svarte kleda som Nils Olsen Skarrud, husbonden ho var i teneste hos.

Mannen bad Astrid kaste kniven ho hadde med seg, i ei steinrøys. Han ville også ha henne med for å høyre på lydspelet. Då dei hadde gått eit kort stykke, møtte dei fire menn som var kledde i raude trøyer, svarte bukser, blå strømper, svarte sko med spenner og svarte, runde luer. Alle hadde gult hår.

Plutseleg stod alle i fjellet der musikken kom frå. Éin av dei første ho møtte der, var ein prest som bad Astrid drikke av eit sølvbeger, men gjeterjenta nekta å gjere som presten sa.

Snart dukka prestekona opp, og ho ville servere både lefsekling og drikke, men Astrid tok ikkje til seg noko. Prestefrua presenterte deretter dei pent pynta døtrene sine for Astrid. Desse lova gjeterjenta like pene klede og smykke som dei hadde, om ho ville bli hos dei.

Også dei ti sønene til prestekona steig fram, og prestekona sa at Astrid kunne velje den ho ville av sønene til ektemake om gjeterjenta ville vere hos dei. Men Astrid ville verken ete, drikke eller gjere  noko av det ho vart beden om å gjere.

No var det mora til prestefrua sin tur til å prøve. "Drikk din galning", sa ho og freista å tvinge Astrid til å drikke frå eit sølvkrus, men Astrid kneip munnen sin att. Fleire som var i slekt med Astrid, dukka opp. Dei ville også prøve å få henne til å ete og drikke, men gjetarjenta stod imot.

Snart vart det bryllup i berget, og brudefølgjet tok ordet: – Å, om du kunne bli hos oss! Ein tjukk mann kom fram med eit raudt beger han ville gje til Astrid og sa at om ho ville drikke av det, skulle ho straks gløyme både mora og faren. Han ville også at ho skulle få på seg penare klede og smykke, men gjeterjenta rørte ikkje noko av det dei baud henne, og det kom ikkje eit ord frå munnen hennar.

No vart det bryllup med over 100 gjester. Mykje god mat vart servert, og vakker musikk vart framført. Brudeparet ville gje Astrid pengar, men også dette neka ho å ta imot. Ho ville heller ikkje vere med då det vart dans etter måltidet.

Brått høyrde alle lyden av ei stygg klokke. – Dei vil ha henne ut att, skreik prestekona, som tok Astrid i armen. – Far ikkje ille med henne, sa ho, – vi skal alltids få henne ut att.

Straks etter vart Astrid boren ut gjennom den same døra ho hadde kome inn. Ho vart sett på ein liten, grøn flekk i nærleiken av garden ho tente på. Prestekona baud Astrid bli sitjande og sprang bort.

Ved daggry neste dag kom ein kar i raud trøye til henne og sa at om ho no ville snakke, skulle ho sleppe inn att i berget. Men så tok han Astrid i armane sine, bar henne til gjerdet ved garden og ropte: – Spring no, lat meg sjå kor fort du kan gå!

Astrid sprang til garden, opna sjølv døre til stova og gjekk inn. Der møtte ho matmora si og tenestejenta på garden. Av dei fekk den svoltne og tørste gjeterjenta både mat og drikke.

Astrid var utmatta og sjuk i åtte dagar. Då ho vart frisk, fekk ho lov til å reise heim til foreldra sine i 14 dagar. Ho ville gå til nattverd i kyrkja, men vart nekta fordi ho først måtte ha meir kristendomsundervisning.

Astrid sa at dei same fire mennene som følgde henne inn i berget, også var med då ho gjekk til klokkaren for å få kristendomsopplæring. Dette kunne ho avleggje eid på. 

På domsmøtet kunne Astrid fortelje at staden ho hadde vore på, var svært stor, større enn kyrkja. Veggane og taket var slette, og det såg ut som om dei var laga i messing. På bordet låg det ein blå silkeduk. Lyset kom frå brennande lys i raude lysestakar og det som brann under skorsteinen. Når dørene vart opne, såg det ut som om det var grøne enger utanfor berget.

Jente med haleI 1840 vart historia om Astrid Olsdatter Elsrud trykt og seld for 4 skilling per eksemplar.

Det høyrer med til historia at Henrik Wergeland ikkje let seg begeistre over dette.

«Korleis kunne pressa kalle seg porten til lyset
når dei let overtrua trengje gjennom han?» skreiv diktaren.