Segna om Heddal stavkyrkje er ei opphavssegn. Kyrkja vart bygde på første halvdelen av 1200-talet. Her får vi høyre korleis kyrkja vart reist på tre dagar.
Det var fem bønder i Heddal som arbeidde i lag for å byggje kyrkja. Ein dag møtte ein av dei, Raud Rygi, ein ukjend mann som var viljug til å reise kyrkja, men berre om han fekk oppfylt éin av tre ting; Raud Rygi måtte anten skaffe sol og måne ned frå himmelen, late hjarteblodet sitt renne eller gjette namnet på den framande. Det siste meinte Raud han skulle ha god tid på å greie, så han gjekk med på avtalen.
Men Raud fekk lita tid på seg til å løyse gåta. Alt den første natta var alle materiala på plass, den andre natta reiste spiret seg, og tredje dagen ville kyrkja stå ferdig. I redsel for livet gjekk Raud over jorda sine og grunna over namnet på den framande.
Då han var komen i nærleiken av Svintbruberget (som ein ser sør-aust for kyrkja), høyrde han ein vakker og sterk song inne frå fjellet:
Byssan, byssan båne.
I morgo kjem Finn, far din
Med sol og måne
ell krestenmannshjarte
te moro og leikur fe’ båne.
Dermed var gåta løyst. Byggmeiseteren var trollet Finn, og han budde i Svitruberget. Slik berga Raud Rygi livet, og Heddal fekk kyrkja si. Men Finn kunne ikkje tole klangen frå kyrkjeklokkene, og derfor flytta han seinare til fjellet Himingen. (Kjelde: Wikipedia)
Foto: Mette Lehmann