Ei segn fortel korleis Hølersetre i Sør-Aurdal vart funnen att etter svartedauden.

Hundre år eller meir etter svartedauden kjem ein jeger på ski over Svartseteråsen. Han ser uover liene mot Hølera, og der  –  midt i granskogen, går han like på eit gammalt, falleferdig hus. Jegeren spenner av seg skia og får opp døra.

Omkring eit bord sit 13 beingrinder (skjelett). Eit stort og eit mindre ved bordenden har nok vore sjølvfolket, dei andre sit etter storleiken, det må nok vere borna. Då den første fekk pesten, hadde dei andre sett seg omkring bordet for å vente på døden.

Jegeren bygde nytt hus på same tomta og tok til å rydde dei gamle åkerlappane. Garden har fått namnet Hølersetre fordi han ligg i hellinga mot Hølera.

Beingrindene vart først gravlagde ved Ulekyrja i Bagn. Men då vart det slikt leven og uro at dei måtte hentast tilbake til Hølersetre. Der vart dei gravlade under kjellaren. Sidan vert det sagt at det spøkjer på Hølersetre, det er daudingane i kjellaren som går att.

Kjelde: A. A. Fønhus sen.

Gammalt hus på Hølersetre
Foto: Arne Erik Fønhus