Skriv eit utropsteikn.
Korleis kan du tiltale mottakaren av eit brev?
- Hei, Vilde!
- Hei, Vilde
Kor er teiknsetjinga rett?
- – No må du komme deg på plass! kjefta læraren.
- –No må du komme deg på plass kjefta læraren!
Dette er ein del av ei oppskrift. Kor finn du rett teiknsetjing?
- Set omnen på 200 grader.
- Set omnen på 200 grader!
Dette er ein del av ei rettleiing. Kor finn du rett teiknsetjing?
- Fyll litt ny olje i filteret og smør litt olje på gummipakningen.
- Fyll litt ny olje i filteret, og smør litt olje på gummipakningen!
Kor mange utropsteikn?
- Pass deg!
- Pass deg!!
- Pass deg!!!!!!
Kor finn du rett teiknsetjing?
- "Kom deg på land!" skreik far.
- "Kom deg på land"! skreik far.
Kor finn du rett teiknsetjing?
- Kan vel ei mor og ein far gløyme sitt sjuke barn?
- Kan vel ei mor og ein far gløyme sitt sjuke barn!
Kor finn du rett teiknsetjing?
- Han var 2,47 m (!) høg.
- Han var 2,47 m (;) høg.
Kor finn du rett teiknsetjing?
- Line ropte forskrekka: «Du må ikkje gå på det nylakkerte golvet!»
- Line ropte forskrekka: «Du må ikkje gå på det nylakkerte golvet»!