Bruk orda sjølv om når du knyter heilsetningane nedanfor saman til éi ytring. Eksempel: Vi er ute i dag. Det er eit ufyselig vêr. Sjølv om det er eit ufyselig vêr, er vi ute i dag.
Han var svolten. Han spurde ikkje om mat.
Ho var trøytt. Ho la seg ikkje.
Han hadde god tid. Han gjorde ikkje leksene sine.
Ho hadde mykje å gjere. Ho reiste på ferie i to veker.
Ho likte ikkje kjøt. Ho åt tre store karbonadar.
Songen var enkel å lære. Han song ikkje.
Han tener godt. Han køyrer ikkje bil.
Halvparten av klassen juksa på prøven. Han sa ikkje frå til læraren.
Grete kunne spele piano. Ho melde seg ikkje for å akkompagnere Hilde.
Eg er fornøgd med desse oppgåvene. Eg ser skrekkeleg sur ut.