Per er den einaste som har raudt hår og fregner.
- Berre Per har raudt hår og fregner.
- Han har berre raudt hår og fregner.
Petter var den einaste som fekk alt rett på prøven.
- Berre Petter fekk alt rett på prøven.
- Berre på prøven fekk Petter alt rett.
Han vert redd når nokon ser på han.
- Han vert redd berre nokon ser på han.
- Berre han vert redd når nokon ser på han.
Det er ikkje heilt enkelt.
- Det er ikkje berre-berre.
- Berre det er ikkje berre.
Det var ingen andre enn Kari som kom på festen.
- Det var berre Kari som kom på festen.
- Det var Kari som berre kom på festen.
Så godt som alle elevane hadde gjort leksene sine.
- Nesten alle elevane hadde gjort leksene sine.
- Alle elevane hadde nesten gjort leksene sine.
I underkant av to tusen skiløparar kom i mål.
- Nesten to tusen skiløparar kom i mål.
- To tusen skiløparar kom nesten i mål.
Her blir nesten brukt for å gjere ytringa mindre bindande.
- Eg trur nesten Per må ta seg ein tur på butikken.
- Eg trur Per må ta seg ein tur nesten på butikken.
Det var noko som var feil.
- Det var noko som ikkje var rett.
- Det var ikkje noko som var rett.
Det er Per som skal på fjelltur.
- Sanneleg er det ikkje Per som skal på fjelltur!
- Sanneleg er det Per som ikkje skal på fjelltur!