Kva for eit uttrykk må du bruke her?
Gråte falske tårer; hykle medkjensle eller sorg
- Gråte krokodilletårer
- Ha ein rev bak øyra
- Frå oska til elden
Kjenne korleis det kriblar i magen pga. spenning eller nervøsitet
- Ha sommarfuglar i magen
- Bøye seg i støvet for
- Få snøret i botnen
Ikkje rekne for sikkert noko ein ikkje har
- Ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten
- Tute øyra fulle
- Renne hovudet mot veggen
Bere nag til (nokon)
- Ha eit horn i sida til
- Bite i det sure eplet
- Med hovudet under armen
Finne seg i noko ein ikkje liker
- Bite i det sure eplet
- Klø seg i hovudet
- Stikke hovuda saman
Forsvinne langt av stad
- Dra dit peparen gror
- Opp som ei løve og ned som ein skinnfell
- Skite i eige reir
Setje nokon til å passe på noko som ein må vente vedkomande vil forgripe seg på
- Setje bukken til å passe havresekken
- Stikke hovudet i sanden
- Bere hovudet høgt
Få for lite stell og omsorg
- Gå for lut og kaldt vatn
- Springe skorne av seg
- Kaste inn handkledet
Vite kvar vanskane ligg
- Kjenne kvar skoen trykkjer
- Gjere gull av gråstein
- Verd vekta si i gul
Vere i ein slik situasjon at ein lett får kritikk om ein klagar på andre
- Sitje i glashus
- Koke suppe på ein spikar
- Under fire auge