Ha tolmod med
- Bere over med
- Kjenne seg heime
- Gjere gull av gråstein
Finne seg i noko ein ikkje liker
- Bite i det sure eplet
- Få blod på tann
- Ha øyre for
Ein bagatell i den store samanhengen
- Pølse i slaktetida
- Med hovudet under armen
- Stikke hovudet fram
Ha jentetekke, gutetekke
- Ha draget på
- Ha bukta og begge endane
- Bøye kne for
Vise ytre teikn på sorg eller anger
- Kle seg i sekk og oske
- Koke suppe på ein spikar
- Treffe spikaren på hovudet
Bli sterkt oppteken av noko og ha lyst til å halde fram med det
- Få blod på tann
- Få snøret i botnen
- Treffe spikaren på hovudet
Få stadfesta meininga si og derfor kunne hevde ho enda ivrigare enn før; bli ivrig
- Få vatn på mølla
- Få noko inn med teskei
- Få så hatten passar
Finne ut kva stad eller situasjon ein er i og handle etter det
- Stikke fingeren i jorda (og lukte kvar ein er)
- Få fingrane i
- Sjå gjennom fingrane med
Uttrykkje respekt for nokon
- Ta hatten av for
- Vere mann for sin hatt
- La hatten gå rundt
Kjenne seg underlegen, vere redd
- Ikke vere høg i hatten
- Gje ein noko å hengje hatten på
- Vere mann for sin hatt
Plutseleg slutte i ei stilling, eit verv eller liknande
- Ta sin hatt og gå
- Ikkje vere høg i hatten
- Tale Roma midt imot
Brøyte seg fram, få fart på sakene
- Gjere veg i vellinga
- Gjere vendereis
- Få vatn på mølla
Få for lite stell og omsorg
- Gå for lut og kaldt vatn
- Ta seg vatn over hovudet
- Slå kaldt vatn i blodet
Heilt ha overtaket
- Ha bukta og begge endane
- Få ein stein til å gråte
- Leggje stein til børa
(Kjenne noko) ut og inn
- Som si eiga bukselomme
- Skjelve i buksene
- Ikkje sjå lenger enn nasen rekk
Gjere mykje ut av lite
- Koke suppe på ein spikar
- Tale i tunger
- Halde tunga beint i munnen
Verken det eine eller det andre; ingen skikk på; verdlaust
- Verken fugl eller fisk
- Over hovudet på
- Ha hovudet over vatnet
Kome for nær innpå einemerka eller rettane (til nokon), råke på ømme punkt, støyte, fornærme, krenkje, plage
- Trø på tærne
- Lett på tå
- På tå hev
Garantere
- Gå god for
- Ikkje vite si arme råd
- Ta imot med opne armar
Auke vanskane
- Leggje stein til børa
- Få ein stein til å gråte
- Ha eit hjarte av stein
Vere den første til å dømme, kritisere
- Kaste den første steinen
- Leggje stein til børa
- Erte på seg stein
Erte, terge til den aller rolegaste blir sint
- Erte på seg stein
- Tunga på vektskåla
- Halde tunga beint i munnen
Overflodslager; forråd som aldri går tomt
- Sareptakrukke
- Klok kone
- Flyte med mjølk og honning
By opp alle kreftene sine, satse alt
- Setje alle klutar til
- Sleppe katten ut av sekken
- Pisse oppetter ryggen
Oppnå to føremål med éi gjerning
- Slå to fluger i ein smekk
- Stikke kjeppar i hjulet
- Tuta øyra fulle
Passivt godkjenne det som andre har rådd til eller vedteke
- Strø sand på
- Få sand i maskineriet
- Renne ut i sanden
Ikkje føre til noko
- Renne ut i sanden
- Vere på tynn is
- Leggje to og to saman
Seie noko slåande
- Treffe spikaren på hovudet
- Koke suppe på ein spikar
- Ha hovudet over vatnet
Vere på usikker grunn
- Vere på tynn is
- Legge noko på is
- Bryte isen
Syne audmjukskap, vørdnad eller liknande for noko(n)
- Bøye seg i støvet
- Tale med to tunger
- Halde tunga beint i munnen