| Nynorsk | Bokmål |

StartsidaFagsider nynorskSamfunnsfag | Samfunnslære | Norsk styresett

Norsk styresett

1. Kort om Noreg
2. Grunnlova og konstitusjonelle prinsipp
3. Kongen
4. Regjeringa
5. Domstolane
6. Stortingets oppgåver
7. Representantane på Stortinget
8. Om Stortinget

9. Stortingsbygget
10. Komiteane


1. Kort om Noreg

Noreg ligg nordvest i Europa, er 324 000 km2 stort og har 4,4 mill. innbyggjarar. Landet er eit konstitusjonelt, demokratisk kongedømme, med ein konge som statssjef. Landet er delt i 19 regionale einingar (kalla fylke), som har frå ca. 480 000 til ca. 75 000 innbyggjarar. Kvart fylke blir leia av ein fylkesmann, men 2 av fylka (Oslo og Akershus) har felles fylkesmann. Landet er vidare delt i 435 lokale delar. Desse blir kalla kommunar og blir styrte av eit folkevalt kommunestyre og blir leia av ein ordførar.

46 av kommunane har bystatus - frå hovudstaden Oslo, med ca. 480 000 innbyggjarar til den minste byen, Vardø i Finnmark fylke, med ca. 3 000 innbyggjarar. I kvart fylke fins dessutan eit særskilt folkevalt forvaltningsorgan, kalla fylkeskommunen, som blir leia av ein fylkesordførar.

Noreg har også territorium i Arktis og Antarktis, som til dømes i nord, Svalbard og Jan Mayen, og i sør Dronning Maud land, Bouvet-øya og Peter I`s. land.

 


Nettsideansvar: Bernt-Are Wiig |