| Nynorsk | Bokmål |

StartsidaFagsider nynorskSamfunnsfag | Samfunnslære | Norsk styresett

Norsk styresett

1. Kort om Noreg
2. Grunnlova og konstitusjonelle prinsipp
3. Kongen
4. Regjeringa
5. Domstolane
6. Stortingets oppgåver
7. Representantane på Stortinget
8. Om Stortinget

9. Stortingsbygget
10. Komiteane

 

2. Grunnlova og konstitusjonelle prinsipp

Noreg er ein rettsstat som er bygd på Grunnlova av 17. mai 1814 og tre viktige prinsipp. Det første er folkesuverenitetssprinsippet, som tyder at det norske folket i frie val bestemmer kven skal styre og korleis det skal styrast.

Tyngdepunktet i den styringsordninga som gjeld etter forfatningsavgjerdene våre er difor ei oppgåve for Stortinget som har 165 representantar, valt kvart fjerde år.

To andre viktige prinsipp er maktfordelingsprinsippet og det parlamentariske prinsippet.

Maktfordelingsprinsippet tyder at den samla statsmakta er delt mellom tre statsorgan:

  1. Lovgiving og bevilgningsmynde ligg til Stortinget.
  2. Makt til å kunngjere dom i straffesaker og sivile saker er ansvaret til domstolane.
  3. Den utøvande makta, dvs. forvaltninga, er ei oppgåve for Kongen og råda hans, Statsråd/regjeringa.

Parlamentarismen betyr at regjeringa må ha tillit frå Stortinget. regjeringa må gå av dersom Stortinget vedtek eit mistillitsforslag eller regjeringa taper ei votering i Stortinget i ei særleg viktig sak. Det skal også vere eit visst tilsyn eller gjensidig kontroll mellom desse tre statsmaktene, til dømes ved at Stortinget direkte, eller ved hjelp av dei to kontrollorgana, Riksrevisjonen og Sivilombudsmannen, passar på at regjeringa held seg innafor dei politiske, rettslege eller økonomiske rammene som Stortinget har vedtatt.

Domstolane kan kontrollere at lover gitt av Stortinget er i samsvar med Grunnlova. I alt er det utferda eit stort tal lover, men det er rydda opp i lovverket og i dag er det berre ca. 800 lover som gjeld.

Når det gjeld bevilgningsmynde, er det regjeringa som foreslår det statsbudsjettet som Stortinget skal vedta. I praksis gjer Stortinget berre svært små endringar i forslaget, kanskje berre eit par prosent av det samla statsbudsjettet, som er på ca. 450 mrd. kr.

Det parlamentariske prinsippet er heller ikkje alltid klart. Regjeringa kan f.eks. få ei votering mot seg i eit forslag som den legg fram for Stortinget, men den politiske situasjonen kan likevel vere slik at regjeringa ikkje tek nederlaget som uttrykk for mistillit og treng difor ikkje går av.

 


Nettsideansvar: Bernt-Are Wiig |