| Nynorsk | Bokmål |

StartsidaFagsider nynorskSamfunnsfag | Samfunnslære | Norsk styresett

Norsk styresett

1. Kort om Noreg
2. Grunnlova og konstitusjonelle prinsipp
3. Kongen
4. Regjeringa
5. Domstolane
6. Stortingets oppgåver
7. Representantane på Stortinget
8. Om Stortinget

9. Stortingsbygget
10. Komiteane

5. Domstolane

Etter maktfordelingsprinsippet er domstolane den tredje statsmakta - uavhengig av Stortinget og Kongen (eller i praksis regjeringa). Domstolane utøver den dømande makta; dette omfattar både straffesaker og sivile saker. Domstolane har ein kontrollfunksjon overfor dei andre statsmaktene. Domstolane prøver om lover er innafor dei grenser Grunnlova set, og dei prøver rettsgrunnlaget av vedtak frå forvaltninga.

I tillegg har domstolane ein del forvaltningsoppgåver. Typiske døme er tinglysing, skiftevesenet, notarialforretningar, medrekna borgarleg vigsel.

Sjølv om domstolane er uavhengige, er det Stortinget som vedtek budsjettet for domstolane, og administrasjonen av domstolane er lagde til Justisdepartementet ved Domstolavdelinga. Dommarar blir utnemnde av Kongen (regjeringa). IT og- fagtenesta til Rettsstellet er oppretta som eit eige organ for å hjelpe domstolane innanfor IT og tilknytte utviklingstiltak.

Alle saker startar i by- eller heradsretten (sivile saker skal som hovudregel starte i forliksrådet).
Det er 92 lokale by- og heradsrettar. Dei minste by- og heradsrettane blir kalla sorenskrivarembete. I enkelte saker blir domstolen kalla skifterett eller namsrett - avhengig av kva oppgåve som blir løyst.

Avgjerder i by- og heradsrettane kan klagast inn for lagmannsretten, ved anke eller kjæremål. Det er 6 regionale lagmannsrettar.

Høgsterett "dømer i siste instans", som det heiter i Grunnlova § 88. Høgsterett er såleis Noregs øvste domstol. Høgsterett skal sørgje for rettseinskap og hjelpe til å avklare der rettstilstanden er uklår. Saker som reiser prinsipielle spørsmål ut over det konkrete saksforholdet, står sentralt i Høgsterett sitt arbeid.

 


Nettsideansvar: Bernt-Are Wiig |