| Nynorsk | Bokmål |

StartsidaFagsider nynorskSamfunnsfag | Samfunnslære | Norsk styresett

Norsk styresett

1. Kort om Noreg
2. Grunnlova og konstitusjonelle prinsipp
3. Kongen
4. Regjeringa
5. Domstolane
6. Stortingets oppgåver
7. Representantane på Stortinget
8. Om Stortinget

9. Stortingsbygget
10. Komiteane


4. Regjeringa

Regjeringa består av statsministeren som leiar og eit varierande tal statsrådar, f.t. 18. Talet var nede i 7 før krigen og har vore så høgt som 19 etter krigen. Storleiken til regjeringa vert avgjort av den politiske situasjonen på det tidspunktet regjeringa vert vald, og av det eller dei partia som er representerte i regjeringa.

Statsministeren vert utpeika av Kongen, som når det skal utnemnast ny regjering etter val eller andre politiske grunnar, hentar råd frå leiande politikarar på Stortinget. Statsministerkandidat vil gjerne vere ein leiande person i det eller dei partia som ein reknar med kan bli akseptert av Stortinget, til dømes frå det partiet som har vunne eit nyleg halde val.

Når statsministerkandidaten har fått oppdraget, blir talet på departement avgjort (det kan ofte skifte for kvar regjering), og eigna personar vert utpeika til å leie departementa. Når samansetjinga og organiseringa til regjeringa er klar, kunngjer den nye statsministeren dette til Kongen og Stortinget. Regjeringa blir deretter utnemnd i det siste statsrådet til den avtroppande regjeringa.

Statsrådet som kollegium, dvs. som regjering, har ikkje same formelle og sjølvstendige avgjerdsmakt etter forfatninga vår, unnateke i Kongen og Kronprinsens fråvær, til dømes på utanlandsreise. Det finst ingen paragraf i det konstitusjonelle regelverket som seier at regjeringa kan gjere bestemte vedtak.

Likevel snakkar ein til dagleg om lovforslaget til regjeringa, budsjettet til, regjeringa eller at regjeringa har utnemnt ein ny ekspedisjonssjef. Det er regjeringa som har den faktiske, utøvande makta, men formelt er det Kongen som har gjort vedtaket. Og det er som nemnt eit departement (eller Statsministeren sitt kontor) som set vedtaket ut i livet.

Protokollane frå statsrådet skal underskrivast av Kongen og regjeringsmedlemane og protokollane vert seinare sende til Stortinget til gjennomgang og eventuelle merknader.

Summerande kan ein seie at regjeringa og saksbehandlinga i departementa gjeld større og viktigare prinsipielle og politiske saker, mens det er meir sjeldan at det gjeld saker som direkte berører den enkelte borgar.

 


Nettsideansvar: Bernt-Are Wiig |