| Nynorsk | Bokmål |

StartsidaFagsider nynorskSamfunnsfag | Samfunnslære | Norsk styresett

Norsk styresett

1. Kort om Noreg
2. Grunnlova og konstitusjonelle prinsipp
3. Kongen
4. Regjeringa
5. Domstolane
6. Stortingets oppgåver
7. Representantane på Stortinget
8. Om Stortinget

9. Stortingsbygget
10. Komiteane

 


3. Kongen

Kongen er etter forfatninga vår den andre av dei tre hovudpillarane i styringssystemet. Men det gjeld berre formelt. Reelt ligg den makta som Kongen har i høve til Grunnlova og andre forfatningsavgjerder hos regjeringa.

Det er regjeringa som i fellesskap fremjar enkelte av vedtaka sine som forslag til Kongen, og som han difor formelt må setje namnet sitt under. Ein kan seie at regjeringa arbeider som Kongens råd (statsrådet) som sit hos Kongen i møte når han gjer vedtak, og som sørgjer for at Statsministerkontoret og det departement som saka gjeld, ekspederer og gjennomfører dei vedtaka som er gjorde.

Det blir halde ca. 50 slike møte i året. Desse møta blir kalla statsråd og det vert gjerne lagt til "hos Kongen" eller "på Slottet", for å unngå forveksling med ein statsråd, som er ein regjeringsmedlem (minister). I statsråd hos Kongen blir det behandla ca 1500 saker per år. I sum er det eit fåtal av dei mange hundre eller tusen saker som alle statsorgana tilsaman gjer vedtak om kvart år.

Når Kongen gir samtykket sitt til eit forslag som f.eks. justisministeren på regjeringa sine vegne legg fram, blir vedtaket kalla ein "kongeleg resolusjon" (forkorta til kgl.res. eller berre res.). Dei nemnde 1500 sakene kan gjelde proposisjonar og meldingar som skal leggjast fram til behandling i Stortinget, forskrifter i henhold til lov, utnemningar i viktige embete eller andre statsstillingar, amnesti i straffesaker o.l.

 


Nettsideansvar: Bernt-Are Wiig |