| Nynorsk | Bokmål |

StartsidaFagsider nynorskSamfunnsfag | Samfunnslære | Norsk styresett

Norsk styresett

1. Kort om Noreg
2. Grunnlova og konstitusjonelle prinsipp
3. Kongen
4. Regjeringa
5. Domstolane
6. Stortingets oppgåver
7. Representantane på Stortinget
8. Om Stortinget

9. Stortingsbygget
10. Komiteane

9. Stortingsbygget

LOKALA til STORTINGET 1814 -1866

Riksforsamlinga i 1814 heldt møta i hovudbygningen på Eidsvoll verk, og jarnverkseigar Carsten Anker sin heim er for lengst freda og gjort til eit nasjonalt minnesmerke. Frå hausten 1814 og fram til 1854 heldt Stortinget til i Katedralskolens lokale på hjørnet av Prinsensgt. og Dronningensgt. I dag ligg hovudpostkontoret i Oslo der. Den gamle møtesalen vart i 1914 plassert på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. I samband med Folkemuseet sitt 100-årsjubileum i 1994 vart det oppført eit Stortingets Hus der den gamle Stortingssalen og Lagtingssalen finst i nyrestaurert stand.

Frå 1854 til 1866 blei møta i Stortinget halde i Universitetet sin gamle festsal.

NYTT STORTINGSBYGG 1866

Det var ei nasjonal hending då Stortingsbygningen - slik vi kjenner den i dag - blei vigd 5. mars 1866. Før låg likevel 30 års strid. Striden gjaldt både utføringa og lokaliseringa, og hadde både politisk og personleg tilsnitt.

I 1854 bestemte den norske regjeringa i Stockholm at bygget skulle liggje der Stortinget ligg i dag, og Stortinget godkjende seinare dette vedtaket. Fleire utkast til utforming av bygget blei diskutert og etter kvart forkasta. 18. mai 1860 blei det vedteke med 59 mot 47 stemmer at ein skulle satse på det bygningsprosjektet som var utforma av den svenske arkitekten Emil Victor Langlet. I 1857 hadde han lagt fram eit utkast som vekte stor oppsikt, og som truleg appellerte til eit fleirtal av stortingsrepresentantane. Stilløysinga var basert på ei blanding av italiensk og nordisk byggjetradisjon.

Anleggs- og byggjearbeida blei starta 3. august 1860 og varte i nærmare 5 1/2 år. Det nye stortingsbygget vart høgtidsamt opna 5. mars 1866 klokka 12. Etter det korte opningsmøtet vart det halde ein stor festmiddag på Hotel du Nord i Dronningensgt. med prologar, taler og helsingar. Det heitte at det herska ei "lettliva stemning" ved borda. Etter nokre år vart det prektige bygget for lite for Stortinget sine stadig nye behov, og forslag om utvidingar dukka opp.

OMBYGGINGSARBEID

I åra 1951 - 59 blei det gjort store ombyggingsarbeid i Stortingsbygget. Byggjearbeida vart planlagde og leia av arkitekt Nils Holter, som i 1950 hadde vunne ein arkitektkonkurranse som Stortinget hadde kunngjort. Arbeidet blei utført i tre byggjetrinn, og m.a. vart Stortingssalen utvida og restaurert. Vidare vart det oppført eit nytt 4-etasjes tilbygg mot Akersgt. (1956).

Også i dei siste årene har det vore til dels store ombyggingsarbeid. Behovet for fleire kontor og konferanserom førte til at Stortinget i 1972 kjøpte Prinsensgate 26, i 1988 Akersgata 21 og i 1993 Nedre Vollgate 20. Desse bygga har samanheng med Stortingsbygget via ein underjordisk tunnel.

STORTINGSSALEN

Stortingssalen er bygd nærmast som eit amfiteater med presidentplassen rett under Oscar Wergeland sitt berømte måleri (1885) av Eidsvollsforsamlinga frå 1814. Over biletet heng riksvåpenet. Representantplassane er plasserte i vifteform i den store halvsirkelen. Plasseringa er geografisk etter valdistrikt (altså fylkesvis) i alfabetisk orden, med innbyrdes plassering av representantane etter stemmetal.

 


Nettsideansvar: Bernt-Are Wiig |